mandag 6. juli 2009

Langs vestlandskysten

Vi brøytar oss oppover norskekysten. I eit eksosspøkelse av ein hurtigbåt fresar vi forbi vestlandske kystknausar i området mellom Krakhella og Askvoll. Likevel går det for seint. Fem timar skal det ta, eller fem timar og tjue minutt om vi skal tru den noko rustne engelsken som nett har runge over høgtalaren.

Vi måtte byte båt i Rysjedalsvika, noko vi gjorde til forveksling likt ein flokk sauer. Konkurranseinstinktet vakna i alle aldersgrupper. Gamle damer la bort foreiningsmanerane, unge menn sine påtekne gentlemansfakter. Alle skulle vi finne ein vindaugsplass, plassere bagasjen i best hentehøgde, få taket på dei varmaste pølsene eller kva det enn var kampen sto om.

Den maritime opplevinga får meg til å tenke på reisetempoet – eller eigentleg mest på det relative i dette. Her eg sit, verkar dei fem timane så altfor lange. Svolten, trøytt og på veg heim til restane av ein arbeidsdag, er det i mitt medvit knapt rørsle i oss. Men kva om eg hadde site i båten til Olav Trygvasson på veg oppover her? Det hadde gått gørseint. Og kva om han hadde fått site på her? Skrekkslagen ville han vore, eller opprømt over dette hurtiggåande framskrittet.

Snar vil vi sjå Hornelen, sjøklippa som røyser seg 860 meter rett frå havet. Her klatra hardhausen Trygvasson opp og sette skjoldet sitt i fjellsida. Ein hirdmann freista å hente skjoldet, han var vel gjerne materialforvaltar eller økonomiansvarleg og ville ha med seg alt det kostbare utstyret heim, men han gjekk seg fast. Då måtte Trygvasson klive opp igjen og bere sin materialforvaltar ned att. Likevel – båten til Olav gjekk gørseint.

fredag 3. juli 2009

Løyndom

Morgonstund


Nokon gonger lurer eg på om det eigentleg er noko framsteg at vi har byrja å sove inne. Morgonstunda ved Sætrevatnet er iallfall noko eg aldri ville bytta bort.