onsdag 19. august 2009

Hårklipp

Snart skal lokkane falle. Det skjer ikkje så ofte. Rett sjeldan er vel rettare nemning. Det er kanskje eit halvt år sidan førre gong frisørstanden gjorde sitt. Eg veit ikkje kvifor det går så lang tid mellom kvar gong. Om det heile var knytt til ubehag, hadde forklaringa vore enkel. Kanskje ville årsaka vore at eg grudde meg for å høyre om min sjukeleg tørre hovudbotn. Eller, at eg ikkje makta å ta del i straumen av trivialitetar to ukjende utvekslar i ein situasjon der den naturlege intimsfæren er krenka. Kanskje kunne situasjonen i seg sjølv vore svaret om ubehaget var der, ein situasjon der den fulle makta ligg hjå den med saksa og alle konsekvensane hjå den sittande utan saks. Ubehaget kunne vore knytt til at eg ikkje makta å formidle korleis eg vil sjå ut på håret, eller at eg ikkje tørr å ta med biletet av den skodespelaren eg alltid har likt hårpryden til. Eller, for ein ung mann, ein mann i min alder, kunne det heile skuldast at vikane har byrja krype bakover, eller at eg ikkje makta å sjå sviktande grobotn frå så mange spegla vinklar. Ubehaget kunne definitivt vore knytt til noko slikt.

Men, når det slett ikkje er knytt ubehag til hårklippen, kvifor utset eg det? Når det heile startar med ein varm hovudbotnsmassasje og held fram utan for mykje unødig pludring? Rett godt er det. Eg får sitje med ein kaffikopp og eigentleg likar eg å sjå Håvard i mange og nye spegla vinklar. Kva er det då som held meg attende?