fredag 2. september 2011

Sanningar

Eg har høyrt at dei store forteljingane er døde. Postmodernisme. Det store framsteget – modernisteringa – verda på veg mot eit mål. Vi trur ikkje på dette lenger – har eg lært. Det er ingen store sanningar. Sanningane er situerte, fortelt Foucault oss – dei har ei tid og ein ståstad. Dei er ikkje skilt frå makta – vert kanskje nærast til i ulike maktsamtalar. Vi lever i fragment – fragment som ikkje kan ordnast i rettlinja utvikling. Difor slepp vi, eller får vi ikkje lov, til å ramme inn liva våre i noko som er friteke frå debatt. Det er ikkje noko som er gitt. Slik har eg lært det. Dette er lærdomen om tidsånda eller snarare mangelen på ei, som sit fast i meg etter vegen gjennom danningsinstitusjonane.


Men dette er lærdom henta frå metodedebattar og tankar om fag og kunnskap sett utanfrå, ovanifrå eller iallfall ifrå. Når vi i danningsreisa vender nasen tilbake til det vi studerer, så er sanninga der igjen, så er det tilbake i søket etter meining og mønster. Vi tenker slik, eg tenker slik. Røyndomen må då presse seg inn i ei kausalhistorie, inn i noko som let seg forklare.

torsdag 1. september 2011

Rust

Ein knallkort tekst for at ikkje alt skal stivne – for at ikkje denne stort sett uleste pletten av internettet skal ruste eller verte rynkete. Står noko for lenge let det seg ikkje starte att. Koder vert gløymde – og alt som står skrive verkar snart framandgjerande. Denne teksten er for ei lufting å rekne. Ord som held oppe mogelegheita for at fleire kan fylgje – om dei vil.