torsdag 16. april 2009

Kiribati

I dag bestemte eg meg for å lære noko nytt. Ikkje berre å lære meg noko nytt, men noko nytt om noko som var nytt for meg. Eit sjølvopplysingsprosjekt. Intuitivt såg eg det fornuftig å finne tak i eit land eg ikkje hadde høyrt noko om, for så å lære noko om dette. På ei liste over land i Asia fann eg Kiribati. Det er mogeleg at eg er ein av få uinnvidde, det vil i så tifelle berre styrke prosjekt lære noko nytt om noko nytt, men eg hadde då eg vakna ikkje høyrt eit fnugg om dette landet. Eit innleiande søk i det trauste og sikre, i det som har vore vårt flyttbare seksten binds kollektive medvit, men som no er vårt søkbare kollekvite medvit, lærte meg at Kiribati er ei samling øysamfunn i den sørvestlege del av Stillehavet. Vel hundre tusen menneske lever på trettitre øyar og dei lever på båe sider av ekvator. Her har menneske levd heilt sidan det tredje tusenår før vår tidsrekning.

Det leksikalske språket skildrar distansert og kjølig historia til landet. Eg vert etter kvart merksam på at det som innleiingsvis var heilt framandt ikkje er så ukjent likevel. Ei av øyane Kiritimati, for oss kjend som Christmas Island, har vore nytta av Storbritannia og USA til kjærnefysiske prøvesprengingar. På verdas største korallatoll var det britar og nordamerikanarar testa sine soppskyer. Dette var ikkje det einaste våre naboar i vest fann interessant på dei små øyane. På Banaba fann dei store forekomstar av fosfat, som så vart utvunne i opne brot. Dette var ikkje heilt heldig for dei som budde på øyane, ettersom miljøskadane frå fosfatutvinninga tvang alle på flukt til Rambi, ein del av Fiji-øyane. Ikkje nok med at utanforståande har kome for å grave og sprenge, vi er no i ferd med å utradere heile Kiribati med vår livsførsel.

Med unntak av Banaba, øya som britane allereie har avfolka med si fosfatgraving, er Kiribati ei samling korallatollar som sjeldan stig høgre enn fem meter over havskorpa. Eit par mindre korallrev har allereie forsvunne i havet og det er overhengande fare for at det skal gå same veg med fleire av atollane. Kiribati har saman med Maldivene og Tuvalu kunngjort søksmål mot USA etter at Bush-administrasjonen nekta å signere Kyoto-protokollen. Klimaendringane vert hakke meir konkrete når havskorpa ligg centimeter under sengenivå, og sjølv om det truleg er fåfengt, så er det internasjonale rettssystemet det einaste halmstrået folket har for å opne auga på oss ignorante karbonfetisjistar.

onsdag 15. april 2009

What I talk about when I talk about running

Kvardagen er ein stor knute av assosiasjonar, kausalitetar og innskot. I går - ein strålande vårdag i Bergen - overanstrengde eg mitt fysiske legeme. No har eg nett makta å rulle meg ut av senga til den vanskelege andredagen. Kanskje byrja dette då eg såg at Flamme forlag hadde vunne ein pris for omslaget på sitt manifest Brenn ned skiten. Dette er ei samling av korttekstar skrive av Nils-Øivind Haagensen og Bendik Wold som eg, etter å ha sett bilete av framsida i ei avis, fekk biblotekarstanden til å finne fram for meg.

I manifestet plukka eg opp eit sitat av Dag Solstad, der han omtalar jogging som å vere ute og lufte dødsangsten sin. Eg har gjerne sitert dette eit par gongar for mykje og jogging har slik snike seg inn i ulike konversasjonar. Kanskje var dette medverkande då kjærasten så skulle overraske meg med påskelektyre. Saman med marsipanegga låg ei bok av Haruki Murakami: What I Talk About When I Talk About Running. Litt snodig er det vel at Sostadsitatet var henta frå ein tekst Haagensen har skrive om, eller kanskje snarare til, Murakami.

Det som er heilt sikkert, er at boka til Murakami har inspirert meg i overkant. Heile påska har eg gleda meg til å snøre dei fjonlette joggeskoa på meg. Desse har lege lysande på den folkestadsregistrerte adressa medan eg har lest og levd meg inn i lidenskapen til ein aldrande japansk forfattar. Denne enorme motivasjonen, som eg ikkje har kunne gjort anna enn lagre i eit tankemagasin, utløyste slik ei treningsøkt med eit utal høgdemeter i går. Boka kan eg uansett anbefale på det varmaste.