onsdag 15. april 2009

What I talk about when I talk about running

Kvardagen er ein stor knute av assosiasjonar, kausalitetar og innskot. I går - ein strålande vårdag i Bergen - overanstrengde eg mitt fysiske legeme. No har eg nett makta å rulle meg ut av senga til den vanskelege andredagen. Kanskje byrja dette då eg såg at Flamme forlag hadde vunne ein pris for omslaget på sitt manifest Brenn ned skiten. Dette er ei samling av korttekstar skrive av Nils-Øivind Haagensen og Bendik Wold som eg, etter å ha sett bilete av framsida i ei avis, fekk biblotekarstanden til å finne fram for meg.

I manifestet plukka eg opp eit sitat av Dag Solstad, der han omtalar jogging som å vere ute og lufte dødsangsten sin. Eg har gjerne sitert dette eit par gongar for mykje og jogging har slik snike seg inn i ulike konversasjonar. Kanskje var dette medverkande då kjærasten så skulle overraske meg med påskelektyre. Saman med marsipanegga låg ei bok av Haruki Murakami: What I Talk About When I Talk About Running. Litt snodig er det vel at Sostadsitatet var henta frå ein tekst Haagensen har skrive om, eller kanskje snarare til, Murakami.

Det som er heilt sikkert, er at boka til Murakami har inspirert meg i overkant. Heile påska har eg gleda meg til å snøre dei fjonlette joggeskoa på meg. Desse har lege lysande på den folkestadsregistrerte adressa medan eg har lest og levd meg inn i lidenskapen til ein aldrande japansk forfattar. Denne enorme motivasjonen, som eg ikkje har kunne gjort anna enn lagre i eit tankemagasin, utløyste slik ei treningsøkt med eit utal høgdemeter i går. Boka kan eg uansett anbefale på det varmaste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar