onsdag 18. februar 2009

Hoppande mann

I går såg eg ein hoppande mann. Ein mann som må ha vore godt over pensjonsalder spratt bortover vegstripa så sludden spruta kring oklene. Pressabukser i koksgrå over nye, eller iallfall godt reinhaldne, kvite joggesko. På ryggen hadde han ein raud sekk og i handa ein samanslegen paraply. ”Denne scena grensar mot det absurde”, tenkte eg, før eg beit det kraftig i meg.

Om eg sjølv kjenner trong etter å springe eller sprette, så gjer eg det. Eg set meg på bagasjeband, silar på rekkverk, skrevar over stolar. Nokon gonger vinkar eg til ukjende, støyter kroppen umerkeleg i ein kjendis eller gir små gåver til vilt framande. Alt dette gjer eg utan noko ønske om at samfunnet skal stemple meg som utskot. Eg vil at kvardagen skal ha slike små brot, at vi av og til må kunne bryte den kalde etikettekoden som gjeld i offentlegheita. Det er eit sjukdomstrekk at vi nordmenn berre bryt fasaden i rusa tilstand og då gjerne brølande og usjarmerande. Sjølv om eg meiner dette, såg eg denne hoppande mannen med dei same konforme augene som eg sjølv fordømmer. Var det fordi han var gamal? Eg skjemst. Unnskyld – du hoppande. Du har mi fulle støtte!

1 kommentar:

  1. Åh! Du veit å få sagt det, og eg kunne ikkje vore meir einig. Kjekt å sjå at du bloggar. Det er alltid kjekt å lese bloggande til folk som skriv godt. Slik som du. Beste helsing Kristi.

    SvarSlett