torsdag 19. februar 2009

Norske verdiar

Ein medviten debatt kring verdiane, eller det vi vil skal vere verdiane for det norske samfunn, er å rette merksemda mot det vi vil skal forme vår felles identitet. Det handlar om å skape eit vi. Med eit stendig sterkare kulturelt mangfald og i ein global røyndom der nasjonalstaten i seg sjølv er ein problematisk storleik, er spørsmålet korleis vi saman kan halde vi-et levande. Korleis kan vi halde ved like og bygge kjensla av eit meiningsfullt fellesskap utan å undertrykke mangfaldet og utan å bygge vår sjølvforståing på frykta for det framande?

Slik var innleiinga mi. Eg synest den er god. Den seier noko om bandet mellom verdiar og identitet og eg meiner også den ber i seg ei viktig innsikt ved at den ikkje tek for gitt nasjonalstaten som ei naturleg ”verdieining”. Det er i dei neste setningane eg køyrer meg fast:

Eg vil nytte mi stemme til å lyfte fram verdiar som er bygd inn i den norske samfunnsstrukturen. I møte mellom desse grunnverdiane og dagens samfunn, meiner eg det ligg ei moglegheit til å gi fleire ei kjensle av eigarskap til det norske – til vi-et.

Her står eg fast. Setningane er brotstykke av ein ”uutgravd” kronikk. Mitt bidrag i ein kronikkonkurranse med tittelen ”Norske verdiar”. Eg har tenkt ein heil del på denne kronikken og poenget har vore å syne korleis vi kan forstå likskaps- og rettferdstanken i den norske samfunnsmodellen i ein ny global og nasjonal røyndom. Visjonen var å vise korleis ein grenseoverskridande solidaritet kan gi fleire eigarskap til vi-et. Solidaritet som ein veg til legitimitet.

Det er ikkje reint lite frustrert eg no ser at eg ikkje maktar dette. Eg ser ikkje korleis eg kan skrive det grenseoverskridande eg har lyst til å seie.

I notatblokka som ligg ved tastaturet står det langt oppe på den opne sida: ”Korleis nytte faktisk argumentasjon for det normativt grunngjevne?”. Midt på sida har eg så skrive og ringa ut kjerneomgrepet: ”Verdiar”. Mot ringen er det teikna ei pil frå setninga: ”Hegemonisk for dei ideologiske fløyene?”. Under er det to andre spørsmål: ”Korleis famne så breitt at eit stort fleirtal kjenner seg heime?”, ”Korleis spesifisere slik at verdigrunnlaget vert formande for handling og fellesskap utan å definere ut?”.

Spørsmålsteikna stirer mot meg og eg merkar at det er i desse tankane stoggar. Eg hadde lova meg sjølv å skrive denne kronikken, men kjem ikkje forbi dei uferdige tankane.

1 kommentar: