onsdag 18. februar 2009

Sylteglas

Vi brukte å fange dei i blomsterbuskene til Hanna. Det krev ein heil del øving å verte flink til å fange humler. Fangstreiskapen var sylteglas der vi hadde laga spikarhol i loket, for vi var humane fangstmenn, nærast for forskarar å rekne. Tore var flinkast, han kunne fange fleire humler i same glaset, og vi andre plukka opp gode råd og vart stendig flinkare.

Vi konstruerte hus til våre stripa fangar: Steinar, blomar, sukker – humlene skulle like seg, dei skulle verte hjå oss frivillig. Så vi laga ikkje tak på desse husa, dei skulle ikkje vere fengsel.

Grunnen til at eg kom til å tenkje på denne årvisse fangstseansen, er metoden vi nytta oss av for å halde humlene i dei flotte husa vi laga. Etter at vi hadde fanga dei flygande i glaset, så kvelvde vi ei bøtte over. Gjennom mørkret vart humlene søvnige og hjelpsame.

Eg trur eg nærmar meg poenget no. Det er desse bøttene vi må prøve å halde borte frå livet. Tankane vi ber treng lys frå omverda, dei treng motgang og alternativ. Ein tanke skapt i sylteglaset og som så møter dette mørkret rundt seg, vert verande i sitt trygge. Den treng tid til å venje seg til lyset, om tanken i det heile kan overleve omgivnadane. Det er gjennom sitt motstykke tanken verkeleg er; det er gjennom sin motpol, sine andre innfallsvinklar eller sine nyansebrør den finn si meining.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar